Emely Bendicte Kahrs (f. 1975 i Bergen) er bosatt i Oslo hvor hun jobber som arkitekt. Hun debuterte som forfatter i 2018 med romanen Galopp for den svarte hesten. I 2021 fulgte hun opp med romanen Du husker ikke dette. Mor når hun vinker fra toget (2023) er hennes første diktsamling.
«Dette er faktisk Emely Benedicte Kahrs sin første roman. Eg håper verkeleg ikkje at det blir den siste. Ho er allereie ein plass mellom Vigdis Hjorth og Marit Eikemo i det litterære landskapet. Som dei skriv ho nødvendig skjønnlitteratur om kva det er å vere menneske, akkurat no.»
«Ei mors skilsmisse-skriv til dottera—med desperasjonen som mektig drivkraft. (...) Romanen er stila som eit personleg notat frå Nelly til den no vaksne Linda, der ho skildrar sommaren som dottera er for lita til å hugsa. Alt frå tittelen vert denne inderlege du-forma etablert, eit berande element i boka: ei mor som treng å forklara, å synleggjera tankestraumen, vurderingane, uvissa knytt til brotet med faren. Meir overordna peikar Kahrs kompromisslaust på vala vi tek som påverkar barna djupt, men som gjerne vert rasjonalisert bort med forsikringar om at «vi gjorde så godt vi kunne». Romanen erstattar slike forsikringar med spørsmål. Har Nelly gjort sitt beste? I tankestraumen hennar flyt stadige innvendingar og uro: «Hvordan kunne jeg ta feil på noe så avgjørende som å velge far til barnet mitt?» Skulle ho ha blitt hos far til Linda? Kvifor er marginane så små mellom eit forhold som varer og eit brot som sender barn ut i stadige oppbrot, pakking av bagar og fordeling av alt frå klesplagg til kjensler? Forma på romanen tillèt Kahrs å ta i desse spørsmåla på ein truverdig måte, med ei mors desperasjon som mektig drivkraft. (...) Kahrs [er] verkeleg kvinne for å løfta opp problemstillingar knytt til barn i skilsmisse på ein interessant måte. Sidan hovudpersonen Nelly er mykje ærlegare i notatet enn i samtalane i kollektivet får vi fin dynamikk mellom hennar ulike stemmer, og samstundes som tema som skilsmisse og abort, og deira ringverknader vert utforska. Begge inneber val som er normaliserte i samfunnet vårt, men i Kahrs univers vert dei krefter med kaos- og katastrofepotensiale. At biologi og morsinstinkt til tider overdøyver mange andre argument, kjem dessutan fram på sjeldan ærleg vis. (...) Kahrs bitande realisme i avslutninga etterlet ei råkande påminning om at gode intensjonar ikkje alltid når dit ein vil.»
«Sterke og presist uttrykte stemninger der jeg’ets opplevelse av frigjøring står glassklart for meg (...) jeg tar denne mor-datter-fortellingen med meg, og maner frem bildet av mora mi og jeg som bretter duker. Vi trekker hardt i stoffet fra hver vår ende, før vi går mot hverandre for å legge duken pent sammen. For som Emely Benedicte Kahrs så klokt skriver: ´Ingen vet hvem som er barnet´. Mor er datter. Datter er mor. Med to streker under.»
«Sterke og presist uttrykte stemninger der jeg’ets opplevelse av frigjøring står glassklart for meg (...) jeg tar denne mor-datter-fortellingen med meg, og maner frem bildet av mora mi og jeg som bretter duker. Vi trekker hardt i stoffet fra hver vår ende, før vi går mot hverandre for å legge duken pent sammen. For som Emely Benedicte Kahrs så klokt skriver: ´Ingen vet hvem som er barnet´. Mor er datter. Datter er mor. Med to streker under.»