Laster...
Laster...
"Forskarlivet til biologen Kristine Bonnevie (1872-1948) var fylt av begrep og granskingsprosjekt som ligg langt over hovudet på den mest intelligente lekmann. Likevel greier Inger Nordal, Dag O. Hessen og Thore Lie å framstilla sjølv dei mest innvikla område av faget hennar på ein måte som skaper den motsette kjensla. Dei inviterer lesaren inn og gjer meg den gode kjensla av å bli rikare på kunnskap. [...] Forfattarane skriv om dette livet på ein måte som til og med får ein humaniorautdanna samfunnsvitar som meg til å tru at eg forstår viktigheita av å forska på ryggstrengdyra sekkedyr og sjøpung. Eg gler meg over poesien når forfattarane opplyser at dette er ei dyregruppe som tilhøyrer «den gren av livets tre vi selv befinner oss på».
Mikroskopiens innvikla utviklingshistorie gjev dei innsikt i. Midt i omfattande skildringar av forsøkstokter og botnfunn, har eg overskot til å smila når forfattarane beskriv slimålen som «denne strengt tatt lite karismatiske arten», før dei overtyder meg om det banebrytande og viktige i Nansens doktorgrad på den same slimålens nervesystem. Parallelt med at Nordal, Hessen og Lie fortel Bonnevies livshistorie, gjev dei korte innføringar i faghistoria på felt etter felt som Bonnevie går inn i.
Dette er vitskapsformidling på sitt aller beste."–Nrk.no
Kristine Bonnevie, utgitt i 2012