«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»
«Ulstein har skrive ei grundig framstilling med solid dokumentasjon ved notar og litteraturliste. Det dreier seg om ei innhaldsmetta bok på over fem hundre store sider. [...] Språkleg er det ein fryd å lesa [...] Her er mykje stoff til kunnskap og ettertanke, og til forklaring av det som skjedde frå slutten av 1960-talet og eit par tiår framover. Noko av det har ikkje den store aktualiteten ut over det som skjedde då, men anna fekk konsekvensar for den vidare utviklinga og situasjonen i dag.»