John Erik Riley

John Erik Riley (f. 1970) er forlegger og forfatter. Siden debuten midt på 90-tallet har han utgitt skjønnlitteratur, essays og sakprosa. Han skriver jevnlig for Morgenbladet og Klassekampen.
Laster...
John Erik Riley (f. 1970) er forlegger og forfatter. Siden debuten midt på 90-tallet har han utgitt skjønnlitteratur, essays og sakprosa. Han skriver jevnlig for Morgenbladet og Klassekampen.
"Det første som slår meg når eg opnar John Erik Rileys nye bok, er den velordna blandinga av tekst og foto. Fotografia er sett saman mest som små forteljingar, eller som forsøk – som essay, kanskje? (…) Tilnærminga er personleg og kunstferdig. Han beveger seg mellom Norge, USA og Bosnia-Hercegovina – land som har stått sentralt både i livet og verka hans. Eg les Det jeg var som ein slags sjølvbiografi, men ikkje i enkel forstand: Riley blandar brotstykke frå eige liv med fiksjon og andre typar tekstar – humoristiske, fabulerande, poetiske, essayistiske. (…) Det jeg var minner om arbeidet til den amerikanske forfattaren og fotografen Teju Cole, som også kombinerer litterære og visuelle metodar. Eg har ikkje sett så mange bøker av dette slaget på norsk, og trur bestemt at vi kan tole fleire."
–Klassekampen
Det jeg var, utgitt i 2020
"John Erik Rileys utgravingar og funn viser at livet òg er eit kunstverk. (...) Ved ei veksling mellom ulike essayistisk og litterære tekst- og tankebrokkar, ei rørsle mellom det kunstferdige, fabulerande, poetiske og groteske, mellom sjølvbiografiske scener og politisk historiske, ved eigne foto og forflytting mellom land (Serbia, USA, Noreg, Bosnia), tematiserer Rileys nye bok menneskelivets stadige forvandlingar. (...) Den som skriv, resirkulerer, omset og vidareformidlar. Han sankar inn og han forandrar. Slik viser boka òg fram at alt det vi utgjer av minne og erfaringar, ofte ikkje er noko vi sjølv hugsar, men ein anekdote vi er blitt fortalt og har forvandlingas karakter."
–Morgenbladet
Det jeg var, utgitt i 2020