"Påskens «store» krimgåte for barn, «Hvem rumpet brunosten?» er like konsekvent absurd som tittelen tyder på, og vel så det. «Skal det vere, så skal det vere!» er det berande prinsippet."
"Manusforfattar Erlend Loe er uhyre inspirert. Tonen er fullstendig absurd, og fullstendig konsekvent, og han går ikkje ut av sitt modus operandi i så mykje som ei staving, langt mindre ei rute. Vi blir straks invitert til å vere hundre prosent med på alle aspekt ved premissen: Fluffenberg er verdas beste detektiv, blir vi konsekvent fortalde gjennom heile boka, og det blir morosamare for kvar gong nokon (vanlegvis Fluffenberg sjølv) understrekar det."
"Kven seier at «tell, don’t show»» ikkje fungerer? I «Hvem rumpet brunosten?» er «tell» halve moroa."
"Elles er nettopp språket mykje av det som gjer boka så fornøyeleg. Skamlaust barnslege og arkaiske, og ikkje ein gong tydeleg ironiske vendingar som «Nei og nei, sier de! Jøje meg! Milde kineser! Tenk å rumpe en så fin brunost!» er verkelege høgdepunkt."
"Kim Hiorthøys grovkorna, styggkarikerte figurar og dunkelgrå fargepalettar er essensielle for å skape rett stemning. Var fargar og figurar berre litt meir estetisk tiltalande, kunne mykje av humoren blitt seriøst utvatna."