"Slik eg les Det medfødte språket er det ei bok som handlar om mykje meir enn historia til ein viss språkfilosofisk retning, nemleg om kva det djupast sett vil seie å vere menneske.[... ] Sjølv om Chomsky lenge har vore ein av dei mest kjende og siterte personane i den akademiske verda meiner eg vi framleis har mykje å lære av dei fundamentale filosofiske innsiktene hans. Særleg gjeld dette innsiktene som han legg for dagen i Det medfødte språket. Meir eller mindre medvite viser Chomsky i denne boka korleis faste strukturar og fridom føreset kvarandre gjensidig, eller kanskje meir presist, er to sider av same sak."
«Cappelens skriftserie har fått namnet fordi han trassar kravet om popularisering og gjev ut viktige kulturelle milepåleskrift i original. Med Chomskys skrift er det i tillegg slik at det, som dei fleste revolusjonære påstandar, er upopulært og provoserer mange. Likevel er motstandarar, tvilarar og tilhengjarar nokså samde om at teoriane som denne vesle boka presenterer ein del av, er det mest fruktbare innspelet som er komme i moderne språkteoretisk forsking. [...] Omsetjar Inger Sverreson Holmes har gjort ein fin og grundig jobb med å bera teksten over i tilgjengeleg norsk. Forma er framleis fagspråk, men kan absolutt lesast av interesserte lekfolk.»
«Men ideen om «det medfødte språket» står fast i 2017 og har gjort Chomsky til både den mest innflytelsesrike, men samtidig også den mest kontroversielle språkforskeren i historien. Det meste av kritikken skyldes imidlertid manglende førstehåndskunnskap om teorien. Når noen forteller deg hvor håpløs Chomsky er, kan det være greit å spørre om vedkommende har lest (og eventuelt forstått) noe av Chomsky. [...] tilfredsstillende å ha lest Chomsky i original enten man skal beundre ham blindt eller kritisere ham hemningsløst.»