Barnelitteratur – sjangrar og teksttypargir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med perspektiv på didaktikk og formidling. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.
Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.
Denne 5. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. Eit kapittel er nyskrive for denne utgåva.
Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending.
Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon.
Kapittel 3 drøftar kva som skjer når ord og bilde møtest, med vekt på bildeboka som medium.
Kapittel 4–7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, lyrikk og sakprosa.
Kapittel 8 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.
Kapittel 9 er nyskrive for denne utgåva og drøftar formidling av litteratur til barn.
Barnelitteratur – sjangrar og teksttypargir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med perspektiv på didaktikk og formidling. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.
Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.
339,-
Kjøp eller lei boka påAllvit tilbyr landets største utvalg av digitale fag- og lærebøker. Eboka er universelt utformet, tilpasser seg skjermen og har utvidede funksjoner som fullt søk, notat- og markeringsfunksjon og kildehenvisningsfunksjon. Enkelt, praktisk og studievennlig!
Tone Birkeland er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen. Ho har undervist i barnelitteratur og har vore medforfattar av Den norske biletboka (1993) og Norsk Barnelitteraturhistorie (1997/2005/2018).
Ingeborg Mjør (1962 –2014) var førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviste i barnelitteratur og disputerte i 2009 med avhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar tilmeining og tekst. Som medforfattar av tidlegare utgåver av Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar har Mjør spelt ei viktig rolle i bokas historie. Også i denne femte utgåva av boka er det tekstlege spor etter henne.
Anne-Stefi Teigland er dosent i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, med barne- og ungdomslitteratur som spesialfelt. Siste publikasjon er Med blikk for humor (2024), ein forskingsantologi ho har redigert saman med Ingrid Nestås Mathisen, og der ho også har eit eige bidrag: «Einspora optimisme, ein studie av den barnelitterære nerden som litterært grep».
Produktinformasjon
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2025
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202856670
Kategorier: Høyere utdanning, Språk og estetiske fag