Laster...
Laster...
Av Lars Ove Seljestad, 2006, Innbundet
"Eg kom heim til mine eigne. Og dei kjende meg ikkje. Eg var blitt ein framand. Og dette er den klassereisandes evige erfaring. Du kjem aldri heilt fram til den nye plassen, til den nye sosiale og kulturelle klassen du utdanningsmessig, verdimessig og kunnskapsmessig tilhøyrer, men du kan heller aldri komma heilt heim igjen. Og det siste er det mest smertefulle.”
Med romanen Blind starta Lars Ove Seljestad den norske klassereisedebatten. I denne boka tar han oss med på si eiga reise ut av skyggen frå skorsteinsindustrien i Odda til det han trudde var eit opplyst liv i kunnskapens hus. Bastard handlar om erfaringa av å reisa ut, av ikkje å komma heilt fram, og av heller ikkje å komma heilt heim igjen til dei ein reiste frå.
Fri frakt på bestillinger over 349,-

Informasjon fra forfatter:
Forfattaren er født i Odda i 1961. Han er utdanna sosiolog. I sitt sosiologiske virke har han særleg vore opptatt av arbeidet si kulturelle betydning og av relasjonen ungdom, arbeid og identitet. Forfattaren har også arbeidd med biografiske tilnærmingar til fagfeltet.
Etter oppvekst i industrikultur og trygg modernitet i heimstaden Odda, har forfattaren sidan 1980 levd eit postmoderne nomadisk liv med stadig nye biografiske overgangar og brot. Dette kjem til uttrykk både gjennom ei rekke ulike bustader og forflyttingar, så vel som ulike former for utdanning og arbeid.