«Lars Vik, son og biograf, stryk Bjørg Vik både medhårs og mothårs i denne svært leseverdige biografien.
[...] berre å gje seg over til denne kloke og gripande og underhaldande reisa gjennom eit langt kunstnarliv. Biografien er ei tidsreise, ei klassereise, ei historie om eit menneske og eit kunstnarskap i stadig utvikling.
Vi forstår at den velfriserte Bjørg hadde kaotiske sider, vi forstår at det kan vere samanheng mellom ein grå og innestengd barndom og vaksen fridomslengt – inkludert gleda over ein god fest.
Teksten pustar av refleksjonar og levd liv: anekdotar, bohemske festar, kvasse replikkar, gjennombrot, samanbrot, sorg, nyorientering.
Forfattaren som fekk ord på seg for å vere pornograf og som blei spytta etter på gata i Porsgrunn, har no fått ein eigen veg kalla opp etter seg i same byen, noko som er nydeleg skildra i biografien.»