Rune Belsvik er fødd i Haugesund i 1956 og oppvokst på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Dustefjerten er òg kjend frå barnetimen i NRK. Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. Han har dikta ei vedunderleg forteljing -Verdas mest forelska par (2001) - for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.
"I denne «gullboka» er de tre første fortellingene om Dustefjerten og naboene hans samlet. Godt skrevet klassiker!"
–Foreldre & Barn
DUSTEFJERTEN - dei tre første forteljingane - Cappelen Damms Gull | Cappelen Damm
Det vesle landet ved bekken er ein plass for små hendingar og store tankar – der bekken er det fortaste som finst, og kvardagen blir ein fest når det skjer noko. Til vanleg kastar Dustefjerten ploppesteinar i bekken og snakkar med andungen. Holesnusken høgg ved. Bollefisen er våt på beina og drøymer om noko søtt å eta. Kavringreven bakar kavringar. Oktava syng sine songar og drøymer kan henda om eit stilig teater. Langt inni skogen ligg berghøna og varmar ein stein.
I denne boka er samla dei tre første forteljingane om Dustefjerten og naboane hans.