Laster...
Laster...
Ei innføring
Av Karianne Skovholt, Aslaug Veum, 2022, Heftet
Denne boka handlar om korleis ein kan analysere sakprosatekstar kritisk, til dømes innhaldsreklame, haldningskampanjar, nettsider, avisinnlegg og tekstar i sosiale media. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming frå kritisk diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk. Dei viser korleis ein kan identifisere både språklege og visuelle framstillingsmåtar, kva funksjon dei får i tekstar, og korleis tekstar kan nyttast til å påverke og utøve makt i eit samfunn som blir stadig meir digitalt.
Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Læreplanen legg vekt på at elevar skal øve opp kritisk literacy og bli kritiske og medvetne samfunnsborgarar, og forfattarane kjem i denne boka med innspel til korleis ein kan arbeide med kritisk tekstanalyse i skulen.
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 349,-