Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. Han har særleg arbeidd med emne innan bibelfag og norsk skule- og kyrkjehistorie. Framfor alt har han levert sentrale bidrag til historia om nynorsk kyrkjespråk. Dette var tema for doktoravhandlinga hans frå 2009, eit viktig pionerarbeid som seinare mellom anna har vorte utdjupa og supplert gjennom biografien om Peter Hognestad frå 2016 og i boka om Fyrebilsbibelen som kom til hundreårsjubileet i 2021. Halse er ein framifrå formidlar innanfor sine forskingsområde, og han har skrive fleire lærebøker for høgre utdanning. Han har hatt leiaroppgåver både i og utanfor høgskulemiljøet.
I dette heidersskriftet blir Per Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener. Tittelen Tru, språk, historie og dei tolv artiklane i boka speglar forskingsinteressene til jubilanten. Bidraga spenner over både kyrkjehistoriske, litteraturhistoriske, språkhistoriske og didaktiske emne.

Hallgeir Elstad er professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Elstad har særleg arbeidd med 1800-og 1900-talets norske kyrkjehistorie.
Bente Afset er førstelektor ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Afsets interesse- og forskningsområder er særlig bibelfaglige og religionsdidaktiske spørsmål.
Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Institutt for religion, filosofi og samfunnsfag, Universitetet i Innlandet. Aschim har særleg arbeidd med bibelfag, nyare norsk kyrkje- og kulturhistorie, og religion og migrasjon.
Birger Løvlie, Dr. theol. 1995, er dosent emeritus ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Løvlie er teolog og pedagog, og har har særleg arbeidd med norsk og skotsk kyrkjehistorie, med vekt på kyrkjeordning, vekking og religiøs dikting.
Produktinformasjon
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2022
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202738730
Serienavn: Religionsfag Profil
Serienummer: 45
Kategorier: Religion, historie, litteraturvitenskap, filosofi, Faglitteratur for profesjonsmarkedet, Språk og litteratur, Historie, religion og filosofi