Dette nummeret av skriftserien Skriftkultur er ein del av etableringa av tradering av nynorsk som eit forskingsfelt. Forskingsfeltet inkluderer spørsmål knytt til eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonen, men også spørsmål om korleis barn og unge sjølve stiller seg til nynorsk og kva plass språket har i livet deira. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, dvs. kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken.
I dette nummeret undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

-
Denne boka er utgitt med åpen tilgang på Cappelen Damm Forskning. Den kan lastes ned og leses gratis på cdforskning.no eller kjøpes i trykt utgave.
Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.
Stig J. Helset er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Master i skriftkulturar. Han har arbeidd mykje med kartlegging av operative normer i dei norske skriftspråka og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.
Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Forskingsinteressene hennar er tekstar av born og unge, og korleis born og unge brukar tekstar, og elles tidleg literacy, retorikk og nynorsk skriftkultur og språkdidaktikk.
Produktinformasjon
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2020
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202687052
Serienavn: Skriftkultur
Serienummer: 2
Kategorier: Språk og estetiske fag, Faglitteratur for profesjonsmarkedet, Språk og litteratur
Open Access Lisenstype: Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International